Wegpunkt-Suche: 
 
Virtueller Geocache
Ishavskjerringa

 Ishavskjerringa ved Ishavsmuseet i Brandal

von GeoCacheLauget     Norwegen > Vestlandet

N 62° 23.959' E 006° 00.764' (WGS84)

 andere Koordinatensysteme
 Größe: kein Behälter
Status: kann gesucht werden
 Versteckt am: 06. März 2018
 Veröffentlicht am: 06. März 2018
 Letzte Änderung: 06. März 2018
 Listing: https://opencaching.de/OC145ED

0 gefunden
0 nicht gefunden
0 Bemerkungen
0 Beobachter
0 Ignorierer
13 Aufrufe
0 Logbilder
Geokrety-Verlauf

große Karte

   

Infrastruktur
Der Weg
Zeitlich
Saisonbedingt
Listing
Personen

Beschreibung    Norsk (Norwegisch)

Denne loggen er godkjendt når du har sendt inn bilde sammen med loggen der du er avbildet sammen med objektet, som vist i eksempelbildet under.

--------------------------------------------------------------------------------------------------------

Laurdag 18. juni vart skulpturen over Ishavskjerringa avduka ved Ishavsmuseet. Den høgtidlege avdukinga samla mykje folk i eit strålande sommarver. Oleif Eiken, som har stått bak dette store arbeidet, avduka monumentet som er laga av kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik.

 

ISHAVSKJERRINGA
Sidan Sunnmøringane starta selfangst har der heile tida vore ei dame det har blitt snakka lite om. "Ishavskjerringa". Ho som alltid sat igjen heime når mannen og ofte både ein og fleire søner reiste på ishavet. Som regel byrja dei på denne farefulle seglasen så snart dei hadde fått prestehanda på seg.

Dei tenkte ikkje så mykje på faren med det, men meir enn ein gong har både far og son kome vekk på same skute. - Dei var sterke, sjølvstendige kvinnfolk. Ofte med store barneflokkar, som heldt styr på det meste medan mennene var på ishavet. Dei hadde ikkje radio som kunne melde ifrå heim korleis stoda var. Ho som sat heime viste ingen ting frå dei gjekk ut kring neset og til skuta kom siglande inn mot heimestrender igjen. Der sto ho, ute på yttarste neset og speida etter skuta når den var ventandes heim. Var flagget på heil eller halv stang tru? Ofte kom dei ikkje i det heile tatt. Skuteforlisa var mange og dramatiske. Dei største katastrofane var i 1917 då sju skuter forliste, seks i isen og den sjuande på veg til Grønland. 87 mann kom vekk. Den andre var så seint som i 1952 då det kom vekk fem skuter med 78 mann. 48 koner med 98 umyndige born sat igjen heime utan sin forsørgjar.

Ishavskjerringa hadde ansvaret for heimegard med krøter, sauer, slotten og ofte ein stor barneflokk. Ho rodde også små - sjøen for å spe på hushaldinga.

Monumentet over "Ishavskjerringa" er no kome på plass ved uteområdet på Ishavsmuseet i Brandal. Det er kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik som har laga skulpturen.

Den skal minne oss alle, både i dag og i framtida, om deira store innsats og ansvar for barneflokk, besteforeldre og heimegard. Medan mennene kjempa sin kamp mot naturkreftene på ishavet for å ha eit levebrød og i mange tilfelle aldri kom heim.

Monumentet vart avduka 18. juni 2005 med eit stort frammøte. Ishavsmuseet takkar komiteen som har jobba med dette store og viktige prosjektet:
Oleif Eiken, Jens Peder Brandal, Oddfrid Kleppe og Einar Holm

Kilde: Ishavsmuseet.no

Besøk gjerne hele Ishavsmuseet i Brandal, Ishavsbygda.

I første høgda på Ishavsmuseet finn du museums butikken. Her finn du eit stort utval av suvenirar og gåveartiklar laga i selskinn, og andre spanande gåveartikklar.

Vi har selskinnsvestar, tøfler, hanskar, caps, slips, puter og eit stort utval i damevesker i selskinn for å nemne noko. Vi har elles eit stort utval av polare bøker, og andre gjenstandar med polar og maritim tilknyting. 

Kvar dag i ordinær opningstid byr vår kafè på kaffi, kaker og andre godsaker. På bestilling kan vi sørgje for gode lunsj og middagsrettar til grupper.

Opningstider:

April, Mai, september og oktober, frå 19. april til 18. oktober  kl. 12 – 16
Juni, juli og august kl. 11 – 17

Bilder

Eksempelbilde
Eksempelbilde

Hilfreiches

Suche Caches im Umkreis: alle - suchbare - gleiche Cacheart
Download als Datei: GPX - LOC - KML - OV2 - OVL - TXT - QR-Code
Mit dem Herunterladen dieser Datei akzeptierst du unsere Nutzungsbedingungen und Datenlizenz.

Logeinträge für Ishavskjerringa    gefunden 0x nicht gefunden 0x Hinweis 0x